Norsk Landbruk
18.10.2018
Høgkvalitetsgjerder og gjerdemaskinar har blitt ein kjempesuksess for Karmøy-bedrift. Dårlege gjerder er mange bønder sitt dårlege samvit eller store irritasjon.
Ragnar Vikingstad sin forretningside om å dele kunnskap om gjerding raskt bore frukter.
Les merNår Dagens Næringsliv neste veke drar i gong ein ny runde med gasellekonferansar over heile landet viser superenkel forskning at firmaet HT-gjerde AS kvalifiserer som ei gaselle i norsk næringsliv.
Det første året omsette bedrifta for 1,2 millionar kroner etter at dei fekk ein kontrakt om å sette opp ei mil med gjerder for Karmøy kommune. I løpet av dei tre neste åra vaks omsetninga til 4 millionar, 12 millionar og i fjor omsette HT-gjerde AS for 25 millionar kroner. Nå kan bedrifta med base på Torvestad på Karmøy tikke av alle boksane som kvalifiserer til ei gasellebedrift.
Regnar Vikingstad kan sjå tilbake på ein eventyrleg vekst for HT-gjerde AS sidan oppstarten i 2014. Foto: Sten Dueland