Dette tilbodet som bonden gjennom landbrukstenestene har bygd opp gjennom 40 år, for å ha eit sikringsnett for arbeidskraft, bør ikkje vera avhengig av den generelle oppfatninga av bemanningsbransjen slik den er i dag. Ein må skilje mellom eit gardsbruk og større bedrifter. Det er kanskje på tide at landbrukstenestene får tilbake det unnataket dei hadde før år 2000, og løysa dei frå tilknytinga til bemanningsforskrifta.
Alle er klar over at husdyr treng tilsyn sjølv om bonden er sjuk, treng ferie eller er fråverande av andre årsaker. Difor må det eksistere eit apparat som står klar til å skaffe den arbeidskrafta som er nødvendig når den vert etterspurd.
Det er fleire faktorar som er med å bidreg til velfungerande avløysarordningar i landbruket.
1: Fornuftig regelverk og forskrifter som legger til rette for straumlinjeforma ordningar.
2: Støtte/økonomi som gjer at bonden har råd til å ta seg fri eller verta sjuk.
3: Tilgang til arbeidskraft med dei rette kvalifikasjonane.
Punkt 1 og 2 er det politikarar og avtalepartane innan jordbruksforhandlingane som må ta ansvar for.
F