Leiaren for disputasen, Dag Berild fylgde likevel ikkje pålegget frå dekan Ivar Gladhaug, og opna for at ho likevel kunne ha disputasen på norsk. Meldinga kom same dagen, slik at det enda med at ho heldt presentasjonen på engelsk, medan diskusjonen etterpå gjekk føre seg på norsk og svensk.
Eit nei blei til ja
Etter at saka blei kjent gjennom Uniforum, har dekanen gitt streng beskjed om at språkkravet skal handhevast strengt. Ein doktorgradskandidat som skal ha disputas i juni, bad om å få dispensasjon frå kravet om engelsk. Kandidaten fekk fylgjande svar frå administrasjonen på Det medisinske fakultetet:
«Dekanen har avslått komitéens søknad om språkendring. Dette betyr at prøveforelesning, disputas og alle diskusjoner skal foregå på engelsk». Dette inneber med andre ord ei innskjerping av reglane, trass i at direktør Åse Wetås i Språkrådet oppfordra dekanen til å seia ja til søknader om dispensasjon når det er rimelege og faglege grunnar til det.
I førre veke kom det likevel ein kontrabeskjed: Doktorgradskandidaten hadde fått dispensasjon slik at kandidaten kunne halda prøveførelesinga på norsk. Det har ikkje lykkast for Uniforum å få ein kommentar frå medisindekan Ivar Gladhaug.
- Unødvendig
Biologiprofessor Kristian Gundersen ristar