Uniforum
22.09.2020
Arvid Nikolai Kildahl frå Psykologisk institutt vann delfinalen i Oslo i Forskar Grand Prix. Med seg til landsfinalen i Trondheim får han også Katrine Rollid frå Institutt for klinisk medisin. No går turen til finale i Trondheim.
Rundt klokka 20.30 i kveld blei det klart at Arvid Nikolai Kildahl frå Psykologisk institutt hadde vunne delfinalen for Osloregionen i Forskar Grand Prix på Latter. Ikkje nok med det, for på andreplass kom Katrine Rollid frå Institutt for klinisk medisin. Dermed blei det dobbeltsiger til Universitetet i Oslo.
Les merBroren var inspirasjonskjelda
Arvid Nikolai Kildahl vann konkurransen med eit fire minutt langt foredrag om korleis han forskar på korleis me kan kjenna igjen traumereaksjonar og traumelidingar hos personar med autisme og utviklingshemming. Han fortalde om korleis hans eigen bror, som både er autist og utviklingshemma og som lever eit godt liv, har vore inspirasjonskjelda hans til å driva forsking som kan gjera livet betre for den gruppa av personar.
Både i første runde og i superfinalen fekk Kildahl full poengskår av dei tre do