AddToAny

Difor trengs saktejournalistikk

Difor trengs saktejournalistikk
Journalistar er flinke på det raske. I møtet med ei rekkje av vår tids utfordringar er ikkje det godt nok.
Vårens utgåve av Columbia Journalism Review hadde klima som tema, og mykje interessant lesestoff. Artikkelen som traff meg mest var likevel sjefredaktør Kyle Pope sin tekst «The Story of Our Time».

Her skriv Pope at journalistar alltid har vore gode på det raske: heimelaget som vann, kvinna som vart skoten, kandidaten som vann valet. At jo raskare ei historie går framover og jo meir komprimert dramaet er, jo betre er journalistar også på å rapportera om ho.

«Me ignorerer det grunnleggjande»

«Det sakte er vanskelegare», skriv han.

«Historier som inneheldt det subtile, som utviklar seg og som ikkje har ein slutt - det er ikkje vår styrke. Rasisme, systemisk fattigdom, langtidseffektane av utdatert politikk - dette er tematikk som me konsekvent ikkje klarer å famna. Me jager det umiddelbare og det flyktige, og ignorerer det seismiske, det grunnleggjande».

Han syner til skogbrannane i California i fjor, og til at berre tre prosent av nyhendemeldingane om desse på TV nemnde at det kunne vera ein samanhang med klimaendringar.

«For det meste var journalistane berre tragediestenografar».

Dette er Derfor

I spalten «Derfor» forsøker vi å forklare hvorfor mediene tar de valgene de gjør. Eller sagt på en annen måte: «Derfor tar mediene de valgene de gjør». I tillegg tar vi noen avstikker til andre medierelaterte spørsmål.

Arbeidet er støttet av Stiftelsen Fritt Ord med 150.000 kroner.

Alle «Derfor»-artiklene inneholder en «bygg inn»-knapp. Med dette åpner vi for at andre kan publisere disse spaltene på sine nettsider.

Eneste kravet vi stiller til medier som benytter seg av dette, er at de via en av presseorganisasjonene er tilknyttet Norsk Presseforbund og dermed Pressens Faglige Utvalg.

Les mer om «Derfor» her.

Han meiner at mangelfull klimajournalistikk vil verta ståande att som eit av dei største døma på journalistisk svikt, at media har somla med å laga kritisk journalistikk, latt seg bruka av PR-kampanjar frå oljeindustrien, latt seg overtyda om at vitskapen er komplisert og omstridd, og latt seg påverka av ein idé om at tematikken er for abstrakt og for deprimerande.

Pope sitt perspektiv er sjølvsagt amerikansk. Han syner til dømes ein gjennomgang av Media Matters i 2012, som synte at amerikanske media gav førti gongar meir plass til Kardashian-familien enn til stigande havnivå. Men perspektivet hans er neppe utan relevans i Noreg heller.

Men kva med journalistikk om det saktegåande, det grunnleggjande, meir generelt?

Eg spurte facebookvenene mine kva dei tenkte om det, og fekk nokre få, men gode svar. Ein minna om at få redaksjonar har budsjett til å driva med saktejournalistikk, og at det istadenfor vert laga mykje av den enkle og raske journalistikken: ei kjelde seier ditt, ei kjelde seier datt, case closed.

Det vart synt til at media ofte vert drive etter ein tanke om aktualitet eller brot: ei sak må anten kunne hengjast på noko aktuelt, eller den må koma med noko nytt, noko avslørande, noko som gjer at den sjølv kan setja aktualiteten. Dette er noko av det same som Kristine Lindebø var inne på i førre utgåve av denne spalta, med spørsmålet: Kvifor måtte det eit politidrap i USA til for at rasisme hamna på dagsorden i norske media?

Eg har tenkt på det sjølv. Det fyrste eg høyrde om George Floyd sitt dødsfall var ikkje i ei avis, men gjennom sosiale media. Når historia tok av, var det også mykje grunna sosiale media: der vart ho sett inn i ein større kontekst.

- Det ligg større historier bak

Eg fekk også svar frå skribenten Lasse Josephsen, som skriv bok om incels, og som også har inngåande kjennskap til den typen høgreekstremisme som har vakse fram på blant anna chanforum og andre avkrokar på nettet.

- Innan neste gong noko skjer, så er det meste gløymd, og i mellomtida har få journalistar eigentlege teke seg bryet med å laga lengre og saktare journalistikk rundt det.

Eitt av nettforuma som har spela ei viktig rolle for den nye høgreekstremismen var Iron March, oppretta i 2011 og lagt ned i november 2017. Iron March var ein samlingsplass for høgreekstrem subkultur og kan koplast til ei rekkje valdshendingar.

Sjølv nytta eg litt tid på å sjå på forumet etter at to unge vaksne vart arrestert i canadiske Nova Scotia i 2015, for å ha planlagt eit åtak på ein supermarknad i Halifax; ein tredje skaut seg sjølv då politiet ville arrestera han. Iron March var ein djupt ubehageleg stad, prega av open og uforfalska ekstremisme, diskusjonar om rasekrig, hyllestar til 22. juli-terroristen.

Fakta om Øyvind Strømmen

Øyvind Strømmen er utdannet journalist og har i tillegg en mastergrad i religionsvitenskap.

Som journalist har han særlig jobbet med politisk ekstremisme, og han har også skrevet tre bøker om høyreradikalisme og høyreekstremisme. I tillegg har han utgitt en biografi over Anders Lange og en bok om ungarsk historie og samtid.

Strømmen er fylkestingspolitiker for Miljøpartiet De Grønne i Vestland, og også nestleder i Europabevegelsen Vestland.

Foto: Guri Barka Martins / MDG

Fyrste gongen eg las om Iron March i norsk media var i ein artikkel skrive av nettopp Josephsen, publisert av Fri Tanke våren 2019. I november det same året lasta nokon opp fleire tusen private chattrådar og brukardata frå forumet. Intern kommunikasjon vart tilgjengeleg, og ei rekkje brukarar av forumet vart avslørt og identifisert. I Noreg vart lekkasjen omtalt av Filter Nyheter, og i Harald S. Klungtveit si nye bok Nynazister blant oss kan ein lesa meir om dei norske brukarane av nettstaden.

Men elles var det stort sett stille.

- Eg såg vel eigentleg ikkje noko i dei større avisene om Iron March-lekkasjen, seier Josephsen.

Han finn det ikkje uforståeleg, men legg til:

- Det ligg nokre langt større historier bak til dømes nettradikaliseringa av Philip Manshaus, knytt til kva idear som flyt rundt på nettet.

Eg skal ikkje leggja skjul på at eg kjenner meg att i det Josephsen fortel. Etter at Noreg vart råka av terroråtak 22. juli 2011 vart imponert over nokre media - ikkje minst VG - som raskt klarte å koma på ballen og tileigna seg mengder av kunnskap på kort tid. Likevel vart eg overraska over kor lite norske journalistar visste om moderne og i stor grad nettbasert høgreekstremisme.

Og eg vart overraska over at ein del trudde at underteikna, som hadde ei viss oversikt på feltet, hadde nytta meg av krevjande journalistiske metodar i mitt arbeid. Sanninga var at eg hadde drive med research på lett tilgjengelege, opne kjelder på nettet.

Eg hadde ikkje drive med djuptgåande, gravande journalistikk, ikkje eigentleg. Eg hadde ikkje gått undercover, heller ikkje digitalt. Eg hadde berre brukt tid. Og Google.

Den doble utfordringa

Attende til Pope. Han påpeiker at det er forståeleg at hendingsjournalistikken dominerer. Det er enklare å rapportera om ei hending enn å gå djupt ned i noko, over tid. I TV-mediet er det også avgrensa med tid, og i trykte media har ein avgrensa med plass. Sosiale media har ete av både annonseinntekter og merksemdsspenn.

Media får kritikk for å jakta på raske klikk, ein kritikk som er ein klisjé fordi han også inneheldt sanning. Og for all del: Også eg klikkar meg inn. Både på dei raske nyhenda. Og på kjendisstoff.

Det bakanforliggjande glir unna: Massakreplottet i Halifax nådde i lita grad norske avisspalter i det heile. Bakanforliggjande fenomen, både Iron March og eit anna nettmiljø med ein usunn fascinasjon for skulemassakre, vart oversett.

Media får kritikk for å jakta på raske klikk, ein kritikk som er ein klisjé fordi han også inneheldt sanning.

Pope meiner at det er vanskeleg å orsaka manglande fokus på dei sakte nyhenda, dei bakanforliggjande. Han meiner nyhetsverdien ikkje lenger ligg i å fortelja kva som skjedde i går, det har ein Twitter til. At media i dag har ei anna oppgåve å fylla: å granske hendingar nøye og djupt, å sjå den breiare konteksten.

Personleg meiner eg nok heller at me treng båe delar, men at Pope slik synleggjer korleis sosiale media utgjer ei dobbelt utfordring for journalistikken, og då utan ein gong å gå inn på utfordringa frå falske nyhende og desinformasjonskampanjar.

Sosiale media har ikkje berre teke over den raske nyhetsformidlinga i kvardagen vår, rett nok ofte i form av ei slag parasittverksemd på medieverksemder. Dei har også bidrege til økonomiske utfordringar for mediehus, og svaret har for ofte vore å jaga etter den kontinuerlege oppdateringa, ei verd der dødlina ikkje lenger finst, og der alt må gå raskt.

Det er eit problem for den sakte journalistikken, både fordi han tek tid, og fordi tid kostar pengar.

Men me treng journalistikk om nyhenda som beveger seg sakte, anten det handlar om klimaendringar, om strukturell rasisme eller om utviklinga i ekstreme miljø.

Ikkje til erstatning for den raske, men fordi det er den sakte journalistikken som gjev djupne og innsikt, og som gjer journalistar til noko meir og noko viktigare enn tragediestenografar.

Image-text:

NTB scanpix-fotograf Heiko Junge fotografert under G7-toppmøtet i Quebec i 2018.

Illustrasjonsfoto: Thomas Nilsson / NTB scanpix

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt