Toppar i kunnskapssektoren har på si side kritisert regjeringa for å satse for lite på forsking og utvikling (FoU), etter at dei i haust la fram forslag til statsbudsjett for 2021.
Men korleis har satsinga eigentleg vore?
Regjeringa skryt av at dei har auka løyvingane i kroner og øre med 14,5 milliardar kroner sidan 2013.
Khrono har sett nærare på utviklinga i den prosentvise realveksten etter åtte raudgrøne og åtte blå budsjett - og under den enkelte statsråd. Då blir biletet eit anna.
Dette er realvekst
Den prosentvise realveksten er justert for prisstiging. For å måle realutvikling brukar ein det som vert kalla faste prisar. Dei tek omsyn til at ein ikkje får like mykje for same kronebeløp i eit år som i eit anna.
I 2013 vart Torbjørn Røe Isaksen (H) kunnskapsminister.
I 2014 la Isaksen fram sitt første budsjett. Det fire første åra han satt, auka løyvingane til forsking og utvikling markant.
Men i Isaksen sitt siste budsjett snudde det.
Iselin Nybø (V) vart forsking- og høgare