KrF har gjort ein god jobb for landbruket i mange år, men tilbudet som kom denne veka var ein stor nedtur, meiner Anders Felde.
- Det er ein tung dag. Det er tungt å bryte, og dette vil få konsekvensar for KrF. Det er statsminister Erna Solberg sin feil. Det er Solberg som ikkje vil skape ei framtid for norske bønder og norsk landbruk. Det er statsministeren som må ta ansvaret, seier fylkesleiaren.
Felde meiner det er ein skandale å snakke om søtsaker, slik Solberg gjorde, når mattryggleik står på dagsordenen i Stortinget.
Eit skikkeleg inntektsløft må på plass for at inntektsgapet til andre grupper skal verte redusert, meiner han.
- Samstundes er ein investeringspakke heilt nødvendig, for at mjølke- og storfebønder i Vestland og resten av Norge skal kunne klare det store løftet det er å bygge om fjøsa frå bås til lausdrift.
Mange slitne bønderDet er alvor no, meiner Felde.
- Det er mange bønder som slit med økonomien og som er utslitne av alt arbeidet og lange dagar, seier han.
- Dei mindre mjølkebruka har ikkje økonomiske musklar til å innfri Stortinget sitt krav, utan styrka investeringsverkemidlar. Det var det ikkje mogleg å få til med regjeringa sitt tilbod, legg han til.
Feil retningJordbruket leverte eit krav som ville føre landbruket i ein annan retning enn den regjeringa har ført dei siste åra, meiner Felde.
- Det handlar om å ta grep for at bonden skal kunne halde fram med å dyrke jorda og vere til stades over heile landet. Det trengst eit