AddToAny

Det vesle språket og den store kjærleiken

«Lausunge» frå New York møter «lappjævel» frå Tysfjord. Tre ord er gravert inn i gifteringane. Omnia vincit amor. Kjærleiken overvinn alt.
Om morgonen køyrer dei i ein sennepsbrun Suzuki langs Dragsbukta, opp Granittvegen, forbi det læstadianske forsamlingshuset, før dei parkerer utanfor eit bygg forma som ein diger lavvo. Plassert på ei høgde på ein odde, med utsyn mot fjorden, er Árran, Lulesamisk senter, godt synleg. Árran, som tyder eldstad, er samfunnshus, kulturhus, forskingshus, kunst- og handverkshus og museum for det lulesamiske språket og kulturen, alt under same tak. Like ved ligg verdas einaste lulesamisk-språklege barnehage.

Dei kom frå to ulike planetar, men har på ein måte sprunge ut av den same kjelda, blitt forma av dei same kreftene og kjempa dei same kampane.

Svenn-Egil Knutsen Duolljá, Svenne blant venner, voks opp i ein hardt prøvd lulesamisk familie, meir eller mindre tvangsflytta frå bygda dei kom ifrå. Bruce Timothy Morén-Duolljá klatra frå fattigdom på Staten Island, New York, til ei karriere som språkforskar på amerikanske toppuniversitet, og deretter nord i Noreg.

Det første møtet fann stad på eit kjøkken i Tromsø for nitten år sidan.

Bruce stod travelt opptatt med å gjere ferdig maten til feiringa av sin eigen 37-årsdag då han kom inn. På eit sekund var all mistru til ideen om kjærleik ved første blikk parkert. Bruce la frå seg kjøkkenkniven og handhelste på Svenne.

Sidan har det vore dei to.

Kor stor er sjansen?

Utryddinga

Dei spaserer inn, forbi resepsjonen, der suvenirar og Vuolli Vuojatjis, Donald Duck, er til sals. Dei går ned ei trapp, og så vender Bruce mot vest og Svenne mot aust, til kvar sine arbeidsplassar og kontor, før dei møtes på midten til lunsj.

Jobbane er ulike, men mål og meining er likt for Svenne og Bruce, og av eksistensiell karakter: ein redningsaksjon for eit språk som står i fare for å døy.

Norske ministrar og misjonærar klarte ikkje heilt å utslette den «lappiske folkestamme», som skuledirektøren i Finnmark på 1920-talet, Christen Brygfjeld, kalla urfolket. Trass i at denne stammen verken hadde «evne eller vilje til å bruke sitt språk», var «degenerert» og «håpløse» og storleverandør til våre «åndssvakeskoler». Men dei var ikkje langt unna.

I fjor starta FNs internasjonale tiår for urfolksspråk. Ti av desse urfolksspråka er samiske, tre framleis i bruk i Noreg, og alle tre står på Unescos liste over utryddingstrua språk.

Nordsamisk er størst og mest kjent, og blir tala av om lag 90 prosent av samar i Noreg. Sørsamisk og lulesamisk har ofte hamna i skuggen, med berre nokre hundre brukarar kvar. Nordsamisk er rekna som trua, medan sør- og lulesamisk er alvorleg trua språk.

Svenne jobbar i samefolkets fellesnordiske fagorgan for språkspørsmål, Sáme Giellagálldo (Språkkjelda), som har som oppgåve å verne og utvikle dei samiske skrift- og talespråka, og kulturarven knytt til dei. Han har også jobba med kultur, kulturminnevern og i språk i Sametinget.

Bruce er førsteamanuensis, lingvist og språkforskar ved Nord universitet. Nord universitet har nasjonalt, og eigentleg globalt, ansvar for høgare utdanning i sørsamisk og lulesamisk språk og kultur.

Kjerneområdet er her, langs Tysfjorden i Nordland, og i eit belte som strekker seg austover og inn i Sverige.

Drag er ei av bygdene der lulesamisk språk og kultur står sterkast. Derfor er Hamarøy, den nye storkommunen etter samanslåinga med Tysfjord i 2020, ein del av det som i dag blir kalla forvaltningsområdet for samisk språk i Noreg. Det betyr at samisk, og her lulesamisk, er likestilt med norsk. Elevane i grunnskulen har rett til opplæring på samisk og til å få anna undervisning på samisk.

Fråflyttinga

Svenne er fødd i Musken, ei lulesamisk bygd i ein fjordarm der Noreg er på sitt smalaste. Han var sju då familien i 1974 flytta til Ájládde (Helland), ei grend i nærleiken av Drag. Same året vart han skulegut.

Etter ei levekårsundersøking på 1960-talet, fann Noreg ut at det var best for samane å forlate heimane sine. Det var best å gi opp sine liv, med røter i sjølvbergingsfiske, -jordbruk og reindrift, og gli inn i storsamfunnet. Best å gi opp kulturen. Best å kutte ut språket.

Det var starten på den såkalla «boligaksjonen». Dei samiske bygdene vart definerte som fråflyttingsområde. Planleggarane prikka inn Drag, Kjøpsvik (tidlegare kommunesenter i Tysfjord) og distriktet rundt, dit skulle samane sentraliserast til og løftast til norsk standard. Offentlege investeringar i dei samiske fjordbygdene stansa. Huset som Svennes mor hadde planlagt å bygge i Musken sette kommunen ein stoppar for. I staden vart folk frå fjordarmane gitt rimelege lån for å bu på Drag.

- Ho mor blei eigentleg tvinga, eller lurt, seier Svenne.

Han snakkar med låg stemme, klart og tydeleg, men alltid med låg stemme. Morsmålet har han klart å halde på.

- Språket vårt blei mindre då vi flytta. Heldigvis hadde vi ein storfamilie tilbake i Musken. Der var språket levande. Áhkko, mormor, snakka stort sett berre lulesamisk med oss barnebarna. Fram til eg begynte på ungdomsskulen var eg der nesten kvar helg.

Tidleg på 1700-talet snakka lulesamiske barn i området sitt eige språk i skulen. Samemisjonen ønskte å nå fram til samane og såg det som føremålstenleg. Det førte til betre skuletilbod for dei samiske enn for dei norske barna. Men dette skulle ikkje vare. I 1774 vart det bestemt at misjonsarbeidet skulle skje på norsk.

Svennes møte med skulen to hundre år seinare var slett ikkje av det gode slaget.

Presset kom frå to kantar: frå fornorsking i modernisert etterkrigsutgåve, i bygginga av ein patriotisk velferdsstat der alle skulle vere like og ingen ulike. Frå andre samar som hadde kome lenger i å tilpasse seg, eller bøye seg, for storsamfunnet og «lært» å forakte den samiske kulturen dei sjølve hadde røtene sine i.

Det finst ei bru mellom framandgjeringa, lengten, sorga, - og alkoholismen, valden og øydelagde familiar som rammar urfolk i uproporsjonal grad.

Svenne veit kva det handlar om. Det finst tragediar i hans eigen familie som det er vanskeleg å snakke om.

Lappjævelen

Han tenkte først ikkje over det, at han var same, då han var liten gut.

- Men så blei eg kalla for «samejævel», «muskenjævel» «lappjævel», sånne ting. Mange av dei samiske barna var blant dei verste mobbarane, dei som hadde kome til sentrale strøk før oss.

Han seier det matter-of-factly, omtrent på same måten ein ramsar opp ei handleliste:

- Eg er blitt mobba på barneskulen, på ungdomsskulen, i militæret. Du blir «joika» til, gjort til latter på byen fordi du er kledd i kufte.

Fordommar og rasisme mot samar er ikkje berre eit historisk fenomen, om nokon skulle kome i skade for å tru det.

I 2021 fann ein studie at tre av fire unge samar opplever diskriminering. Eit fellestrekk, heiter det i rapporten, «er at mange har erfart krenkelser på grunn av sin samiske identitet». I 2022

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt