AddToAny

Det er rom for meir ros i akademia

Det er rom for meir ros i akademia
Som fagfellar og kollegaer bør me vera like konkrete når det gjeld positive tilbakemeldingar som problematiske, skriv gjesteskribent Helga Eggebø.
Kritikk speler ei viktig rolle i akademia. Både som rettleiarar, kollegaer og fagfellar er det å vurdera andre sitt arbeid ein viktig del av jobben vår. Føremålet med kritikken er å gjera forskinga betre og kvalitetssjekka at metodar og analysar held mål. Ordet kritikk har to litt ulike tydingar: 1) vurdering, dømming eller gransking, 2) klander, nedsetjande omtale eller misnøye. Etter mi erfaring skjer det litt for ofte at me kjem med kritikk i sistnemnte forstand. Kva form for kritikk bør me dyrka fram i akademia?

«Etter åtte-ti kritiske lesingar kunne eg sitja igjen med ei kjensle av å ha blitt vridd opp som ei vaskefille.»

Då eg tok doktorgraden, hadde me ei ph.d.-gruppe kor me la fram tekstar for kvarandre. Etterpå gjekk me ut i lag. Dette var eit bra opplegg både fagleg og sosialt. Før møta sendte to av oss utkast som dei andre las. Folk jobba seriøst med tekstane, og eg kan ikkje hugsa at nokon kom med nedsetjande kommentarar. Men etter åtte-ti kritiske lesingar kunne eg sitja igjen med ei kjensle av å ha blitt vridd opp som ei vaskefille og kasta i eit hjørne. Summen av all kritikken, som fokuserte på kva som var problematisk, kunne vera overveldande. I det vidare skrivearbeidet var det fare for å kasta babyen ut med badevatnet, fordi ingen skildra spesifikt kva dei syntest var bra. På bakgrunn av denne erfaringa har eg ved høve argumentert for at me bør vera like konkrete når det gjeld positive tilbakemeldingar. For det første er det enklare og meir motiverande, og for det andre peikar det ut ein kurs som kan dytta teksten i rett retning.

Fagfellekritikk - særleg den anonyme - ber litt for ofte preg av at fagfellen vart sur då hen las teksten og usensurert vidareformidlar dette til forfattaren. Nokon auser ut av seg overordna slakt, plukkar på detaljar, rir eigne kjepphestar og krydrar med syrlege merknader. Det er kjipt å ta imot slik kritikk, og sjeldan særleg til hjelp i skriveprosessen. For ikkje lenge sidan var eg derimot gjennom ei eksemplarisk fagfellevurdering: Begge fagfellane hadde først skrive kva som var verdifullt med arbeidet eg hadde gjort. Deretter peika dei på overordna problem med teksten, og kom med konkrete forslag til løysingar. Til slutt lista dei opp punkt i teksten som burde rettast opp eller presiserast. Revisjonsarbeidet vart usedvanleg enkelt. Ikkje fordi kritikken ikkje var både omfattande og utfordrande, for det var han. Men eg opplevde det som ei spennande utfordring.

«Kva kan eg bidra med for at denne teksten skal bli betre, gitt det som er forfattaren sitt prosjekt?»

Når eg vurderer tekstar, plar eg skriva han ut og skribla i margen medan eg les. Det hender rett som det er at eg blir irritert, og kan koma til å skriva «??!», «kva meiner du her?!» eller «eg kjøper det ikkje» i margen. Men sånt går det ikkje an å senda frå seg, så eg legg frå meg teksten og gjer noko anna. Når eg så set meg ned og skriv tilbakemeldingar, spør eg: «Kva er bra med dette forskingsarbeidet?» Når eg først byrjar i den enden, er det som regel ikkje vanskeleg å finna noko som er bra, nesten uansett kor irritert eg først vart. Deretter spør eg: «Kva kan eg bidra med for at denne teksten skal bli betre, gitt det som er forfattaren sitt prosjekt?» Eg prøver å formulera nokre overordna innvendingar og konkrete forslag til løysing. Men som ein fagfelle skreiv til meg: Vurderinga av kva som er den beste løysinga, «overlater jeg til forfatteren.»

Knusande kritikk framkallar naturleg nok vonde kjensler av å vera udugeleg og verdilaus, eller irritasjon og sinne over fagfellen eller rettleiaren. Slike negative kjensler sluker energi i staden for å gje energi til arbeidet. La oss derfor gjera det på ein annan måte. Det er rom for meir ros i akademia.

Les meir av Helga Eggebø:

Image-text:

Når eg vurderer tekstar, plar eg skriva han ut og skribla i margen medan eg les. Det hender rett som det er at eg blir irritert, og kan koma til å skriva «??!», «kva meiner du her?!» eller «eg kjøper det ikkje» i margen. Men sånt går det ikkje an å senda frå seg, skriv Helga Eggebø. Foto: Shutterstock

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt