Jo før, jo betre.
- For å kunna profilere og skape engasjement, og bygga ei sterk merkevare for det nye universitetet, er det ein fordel å kome fram til det nye namnet tidleg. Det er viktig at namnet på det nye universitetet er godt forankra internt i organisasjonen, men også i omgjevnadane våre, står det i sakspapira til det førre styremøtet ved HVL.
Arbeidsgruppe
I mai i år sat Gunnar Yttri ned ei arbeidsgruppe som skule leia prosessen ved å koma fram til eit grundig avgjerdsgrunnlag for nytt namn for det komande universitetet.
Gruppa, som består av førsteamanuensis Ole-Gunnar Søgnen, professor Eli Bjørhusdal, rådgjevar Rune Hjelmeseter, professor David Gabriel Hebert, Caroline Graave Naklin og rådgjevar Elin Espe Stensvand, har hatt fleire møte gje