No er saka for andre gong hos Kunnskapsdepartementet (KD). KD fekk saka på sitt bord etter at høgskulen for andre gong avviste å handsama Rotevatn sin klage. Styret meiner at klagen må avvisast frå realitetshandsaming fordi det ikkje er fatta eit enkeltvedtak som kan klagast på, heiter det i vedtaket.
«Det departementet nå skal ta stilling til, er om HiVo rettmessig kunne avvise å behandle klagen på omplasseringen» heiter det i eit brev frå KD som vart sendt til høgskulen denne veka.
Ber om dokumentasjon
I det same brevet heiter det at departementet vil ha meir dokumentasjon før dei vil ta stilling til saka. Dei ber høgskulen om å grunngi syngspunkta sine, samt senda over alle relevante dokument i saka.
Det er inga overrasking at saka hamnar hos departementet, og at sakshandsaminga er slik at dei må etterspørja dokumentasjon er no