AddToAny

Dei som hadde minst tapte mest på koronakrisa, ifølge EU-rapport

Lågtlønte på mellombelse kontraktar var gruppa der flest mista jobben under koronapandemien.
Korleis har koronakrisa ramma arbeidslivet i EU? Det er spørsmålet i ein rapport frå forskingssenteret til EU-kommisjonen, og EU-byrået Eurofound. Dei har gått gjennom data frå den europeiske arbeidskraftundersøkinga.

Unge, lågtlønte, kvinner

Arbeidarar på mellombelse kontraktar utgjorde tre fjerdedelar av dei som mista jobben i 2020, er eit av funna.

Flest mista jobben blant unge og lågtlønte, og delen var spesielt høg blant lågtlønte kvinner i sørvisnæringa.

- Arbeidarar som var mest sårbare i arbeidsmarknaden før pandemien har opplevd ei forverring i dei sosioøkonomiske forholda sine, konkluderer EU-forskarane.

Betre på heimekontor

Bransjane der flest mista jobben er dei som måtte stenge ned som følge av tiltak frå myndigheitene, som hotell og restaurant.

Berre bransjane med heimekontor fekk fleire jobbar enn dei tapte i 2020. Desse yrkesgruppene har også oftare betre lønns- og arbeidsforhold, og tilsette med høgare utdanning.

Auken i arbeidsløysa har vore liten i EU som heilskap, og er spådd å bli 7,6 prosent i 2021. Det er mindre enn éin prosent høgare enn i 2019, før pandemien.

Det skuldast i stor grad at EU-landa har lagt til rette for ordningar som redusert arbeidstid og permitteringar. Ordningane utgjorde to tredelar av den tapte arbeidstida på toppunktet av krisa.

- Statlege inngrep og økonomisk støtte viste seg uunnverleg for å beskytte økonomien og arbeidsmarknaden, slår forskarane fast.

Velferd er viktig

Mange EU-land har hatt mellombelse jobb- og inntektssikringsordningar for hardt ramma grupper som mellombels tilsette. Dei vanlege velferdsordningane avheng ofte av tidlegare tilsetting og inntekt.

- Prekære tilsettingar bør vere ei sterk bekymring også i gjenopprettingsfasen, meiner EU-forskarane.

- Breiare og inkluderande velferdsordningar kan fungere som ein buffer i tida der jobbane blir gjenoppretta, meiner dei.

Image-text:

Den største delen var blant unge og lågtlønte, og spesielt blant lågtlønte kvinner i sørvisnæringa. Dette var også gruppene med størst del permitterte. (Illustrasjonsfoto)

colourbox.com

Gå til mediet

Flere saker fra HK-Nytt

Nå skal et nytt utvalg undersøke sammenhengen mellom kvinners arbeidsliv og helse.
HK-Nytt 18.03.2024
HK-Nytt 18.03.2024
I lønnsoppgjør skal fagforbunda sørge for at arbeidstakerne får sin del av kaka. Her har du en innføring i årets lønnsoppgjør.
HK-Nytt 18.03.2024
Arbeidslivets kompetansesenter for rus- og avhengighetsproblematikk har blitt 60 år. Les om hvordan Akan ble til.
HK-Nytt 18.03.2024
Fast eiendom
HK-Nytt 18.03.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt