MINST MOGLEG PENGAR: - Då dei bygde denne delen av Vikingskipshuset i 1956, var det viktigaste at dei skulle bruka minst mogleg pengar. Det kostar oss dyrt i dag, konstaterer museumsdirektør Håkon Glørstad ved Kulturhistorisk museum og syner fram stålrøyrstøttene. Dei støttar golvet rett over der både vogna og sleden frå Osebergfunnet, står.
Foto: Ola Sæther
For museumsdirektør Håkon Glørstad blei måndag 8.oktober ein gedigen blåmåndag som enno ikkje er over. I staden for å gleda seg over ei varsla startløyving til nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy, kom meldinga om at det ikkje kom pengar til bygging av nytt vikingtidsmuseum. Den einaste konkrete løyvinga som står i budsjettforslaget, er fem millionar kroner til metodeprosjektet Saving Oseberg.
* Les også i Uniforum:
I kke prioritert av regjeringen: UiO frykter nasjonale ikoner vil kollapse
Iselin Nybø: - VIkingtidsmuseet blir vurdert i seinare budsjett
- Enormt skuffande
- Det var enormt skuffande at det ikkje var funne plass til nytt vikingtidsmuseum på regjeringa sitt forslag til statsbudsjett. UiO og Kulturhistorisk museum