AddToAny

Dei gler seg over at nesten alle med master får seg jobb

Dei fleste som tar master har fått seg jobb tre år seinare. Det viser ei undersøking frå NIFU. Både statsråd Iselin Nybø og NSO-leiar Marte Øien synest det er positivt.
Det var altså masterundersøkinga til Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking,og utdanning (NIFU) som var eitt av dei store samtaleemna på toppmøtet mellom studentleiarar frå heile landet, forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og helse-og omsorgsminister Bent Høie. Hovudtemaene var arbeidsrelevans og psykisk helse blant studentane.

Overutdanna for jobben dei har

Når det gjaldt det første temaet, blei dei ein god del klokare etter at undersøkinga til NIFU var lagt fram. Den viser altså at fleirtalet av dei som har tatt master ved ein norsk utdanningsinstitusjon har fått seg jobb tre år seinare. Undersøkinga blei gjennomført vinteren/våren 2019 mellom masterar som blei uteksaminerte i 2016. På den tida var det høg arbeidsløyse, går det fram av ei melding på NIFUs nettsider om undersøkinga. Berre 2,4 prosent av dei er arbeidsledige vinteren 2019. Dessutan var 3,6 prosent i ufrivillig deltidsjobb, medan berre 1,7 prosent var i irrelevant arbeid. Spesialistkandidatundersøkinga 2019 frå NIFU viser også at ein god del masterar er overutdanna for den jobben dei har to til tre år etter siste eksamen.

- Nyttig kunnskap

Under toppmøtet i regjeringas representasjonsbustad i går var både forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø og leiaren for Norsk studentorganisasjon Marte Øien opptekne av funna i denne undersøkinga. I eit intervju med Uniforum peikar Iselin Nybø på kor viktig det er med desse opplysningane.

- Det er derfor me har desse undersøkingane for å sjå korleis me ligg an. Og dette er jo nyttig kunnskap, også for utdanningsinstitusjonane våre å ha. Dei skal også tilpassa tilbod og etterspurnad litt, ikkje sant? Derfor er det viktig infomasjon for dei. Samtidig er det også viktig å løfta blikket litt og sjå at me har det jammen godt i

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt