Blant verstingane er Noregs største universitet, NTNU, UiT Noregs arktiske universitet, OsloMet og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU). Ved NMBU er under fire prosent av innhaldet på nettsider, sosiale media og digitale skjema på nynorsk.
Den nye språklova, som tok til å gjelde 1. januar 2022, skjerpar krava til språkarbeidet, og særleg minoritetsspråk. Blant dei er nynorsk. Kravet er minst 25 prosent nynorsk (og bokmål) i allment tilgjengelege dokument.
- Det ser ut til at mange manglar vilje til å prioritere språkarbeidet, og at dei ikkje forstår kvifor dei har denne oppgåva, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås, til Khrono.
- Det betyr i realiteten at dei utøver ein språkpolitikk som konkurrerer med den Stortinget har vedtatt. Ifølgje lova har heile offentleg sektor ansvar for å fremje nynorsk som det minst brukte norske skriftspråket. Dette ansvaret kviler særleg tungt på forskings- og utdanningssektoren, seier ho.
Østfold lovar nynorsk
I fjor var Høgskolen i Østfold blant dei som fekk kraftig ris frå Språkrådet.
Den gong forsikra rektor Lars-Petter Jelsness-Jørgensen at han ville «følgje opp med ansvarlege einingar så snart det er praktisk mogleg». I år skriv Språkrådet: «Tallene i rapporten viser at det ikke har skjedd noen utvikling overhodet siden sist vi var i kontakt med dere».
Språkrådets konklusjon er basert på innhausting av data frå nettsidene til institusjonen. Språkbruken i sosiale medium og digitale skjema og tene