forskning.no
16.02.2019
KRONIKK: Det er lett å skapa moralsk forarging over at store mengder energi blir brukt til å framstilla ein digital valuta. Men energibruken i Bitcoin og tilsvarande kryptovalutaer er ikkje for å utvinna ny valuta, men for å sikra blokkjeda.
Redusert el-avgift for datasenter og storsatsing på kryptorelaterte datatenester har fått stor merksemd den seinare tida. Det er historia om regjeringa som inviterte til fest, men fekk gjester dei ikkje hadde rekna med.
Les merDet toppa seg i budsjettforhandlingane der regjeringa til slutt bestemde seg for at kryptorelaterte datatenester skal betale full el-avgift, i motsetnad til andre datasenter-tenester. Store investeringar alt gjennomførte, og mange planlagde, vart plutseleg tapsprosjekt over natta.
Dessverre er avgjerda basert på mangelfull forståing og feilaktig framstilling av tenestene det er snakk om.
Sikring, ikkje utvinning
Det er lett å skapa moralsk forarging over at store mengder energi blir brukt til å fr