Khrono
18.05.2021
Kvifor er det nesten meir vanleg at studiegjennomføringa av ph.d.-graden vert målt etter seks år enn etter normert tid, spør Olaug Husabø.
«Andelen stipendiater som fullfører sin ph.d. innen seks år har økt betydelig i løpet av de siste tiårene; fra 34 prosent i 1980 til 57 prosent i 1990 og 66 prosent i 2000.»
Les merSitatet er henta frå Forskingsrådet sin Rapport fra utvalget for forskerlinjepiloter frå oktober 2017 (side 2). Det er ei god innleiing til temaet for dette innlegget: Kvifor ser ein eigentleg på studiegjennomføringa etter seks år?
For det er nesten meir vanleg at studiegjennomføringa av ph.d.-graden vert målt etter seks år enn etter normert tid. Mellom anna er det ein av styringsparametrane departementet har valt å bruka i samband med budsjettet.