Utdanning
10.09.2021
Av omsyn til tryggleiken til lærarane vil Arbeidarpartiet endre kapittel 9 a i opplæringslova. Kjem partiet i regjering, vil juristane i Kunnskapsdepartementet bli sette på saka.
- Møte med lærarar har vist meg at dei er sterkt opptatt av dette, svarar stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg på spørsmål om kvifor Arbeidarpartiet, som einaste parti, lovar endring av den såkalla mobbeparagrafen om dei kjem i regjering.
Den lovteksten Arbeidarpartiet vil endre, er retta inn mot paragraf 9 a-5, som omhandlar saker der lærarar krenkar ein elev.
Slik lovteksten er forma ut, blir lærarane ekstremt utsette, ifølgje Solberg. Paragrafen gir ikkje lærarane rett til å gi sin versjon av slike konfliktar før tiltak blir sette i verk. Men tiltaka kan få store konsekvensar for lærarane sin arbeidssituasjon, meiner Aps utdanningspolitiske talsperson.
- Mobbeparagr
Gå til medietDen lovteksten Arbeidarpartiet vil endre, er retta inn mot paragraf 9 a-5, som omhandlar saker der lærarar krenkar ein elev.