Uniforum
29.10.2020
Regjeringa vil leggje til rette for at studentar og elevar kan reise på utveksling til våren. Sjølv om reisa blir utsett på grunn av koronasmitten, lovar regjeringa at lån og stipend blir utbetalt.
Smittesituasjonen i verda er slik at det kan hende at det er nokre land ein kanskje ikkje kan dra til allereie i januar. No vil regjeringa syrgje for at lån og stipend blir utbetalt sjølv om utreisa blir utsett.
Les mer- Er det ein ting koronapandemien har vist oss, så er det kor viktig det er med internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrenser. Vi må gjere alt vi kan for å gi elevar og studentar høve til å bruke heile verd