I dag var USAs tidlegare visepresident hovudtalar på arrangementet til Nobel Peace Forum i Universitetets aula. I talen han heldt, var det ingenting som tydde på at miljøengasjementet til Al Gore er blitt mindre på dei elleve åra som har gått sidan han fekk Nobels fredspris.
Han begynte med å seia seg lei for at USA saman med Russland, Saudi-Arabia og Kuwait for to dagar sidan hadde nekta å godkjenna den siste rapporten frå FNs klimapanel på FNs miljøkonferanse i Katowice i Polen.
- Same energimengd som frå 500 000 Hiroshima-bomber
Etter hans oppfatning er det framleis tankevekkjande kor mykje CO2 som framleis fyller atmosfæren og havet.
- Kvar dag slepp me som bur på jorda ut ei CO2-mengd som er like stor som den samla energien frå 500 000 Hiroshima-bo