AddToAny

Akademikarar og studentar er blitt målskiver i Jemen

Studentar og universitetslærarar i Jemen er blitt drepne og skadde under den fem år lange borgarkrigen. No set Scholars at Risk fokus på brota på akademisk fridom og menneskerettane i det borgarkrigsherja landet.
Det var i går Scholars at Risk la fram årsrapporten sin Free to Think under ein digital konferanse. Den viser at mellom 1.september 2019 og 31.august 2020 var det 341 åtak på høgare utdanningsinstitusjonar i 58 land. Tala byggjer på data som er henta inn frå Scholars at Risks eige Academic Freedom Monitoring Project.

Dei viser at det har vore valdelege åtak på utdanningsinstitusjonar både i Afghanistan, India og i Jemen, samtidig som fengsling av akademikarar på feil grunnlag og rein forfylging har vore dei mest vanlege metodane som har vore brukte av styresmaktene i Israel, og Tyrkia, medan akademikar har vore utsette for zoombombing frå meiningsmotstandarar i USA. Studentane har vore under størst press i Colombia, Kina og i dei okkuperte palestinske territoria og i Sør-Afrika, går det fram av rapporten.

Direkte juridiske og administrative trugsmål mot det akademiske sjølvstyret til universiteta, har det vore flest tilfelle av i Brasil, Ghana, Polen, Romania, Russland og Tyrkia. Også undertrykkinga av ytringsfridomen til demonstrerande studentar både i Kina og Hongkong er rapporterte inn til Scholars at Risk.

100 000 drepne

Denne gongen er det altså Jemen som får spesiell merksemd i årsrapporten frå Scholars at Risk. I den fem år gamle borgarkrigen har 100 000 menneske mista livet, og i dag treng fire av kvar femte innbyggjar livsnødvendig hjelp i landet med 25 millionar innbyggjarar. All infrastruktur i landet har bokstavleg talt falle i grus.

Krigen har også gått svært hardt utover dei høgare utdanningsinstitusjonane i landet. Både studentar, universitetslærarar og administrativt tilsette er blitt drepne og skadde. Både universitet, bibliotek, kulturelle minnesmerke og den akademiske infrastrukturen er blitt øydelagde eller alvorleg skadde, og det har skapt ei kjensle av utryggleik i heile samfunnet når det gjeld tilgang til høgare utdanning og akademiske aktivitetar.

Arresterte studentar og universitetslærarar

På mange universitet har åtak på og plasseringa av væpna styrkar underminert retten til utdanning, akademisk fridom og institusjonell autonomi. På nokre universitet har Houthi-styrkar

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt