AddToAny

Abid Raja gjekk frå barnevernet til Blindern. - Der lærte eg kva ytringsfridom er

Han fekk studera, eigentleg mot alle odds. Og heilt frå han hang på kontoret til professor Nils Christie, har Abid Raja jobba for at fleire med innvandrarbakgrunn skal få same moglegheit som han sjølv.
Det var på ingen måte sjølvsagt at Abid Raja (47) skulle ta høgare utdanning. Men no sit juristen og politikaren i ein drosje på veg til Flesland i Bergen. Han har vore på rundtur på Universitetet i Bergen og treft både rektor og studentar - og sett forholda ved Griegakademiet, som det dagen etter kom melding om at skal få nytt bygg likevel.

Raja har snakka på innpust og utpust, og fortalt rektor Margareth Hagen at han, som sit i utdannings- og forskingskomiteen for Venstre, no kan kryssa av at han har besøkt alle universiteta i Noreg.

I samtalen med rektor spurde Raja om korleis universitetet merkar at under ein prosent at brutto nasjonalprodukt går til forsking.

- Då me styrte, var me på veg opp, og var på 1,1 prosent, seier opposisjonspolitikaren.

Han har markert seg sterkt med kritikk av forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe ved fleire høve, og mellom anna sagt at Borten Moe er statsråd mot forsking og høgare utdanning. I Khrono denne veka bad Raja statsministeren ta dei naudsynte grepa.

- Er utdanningsfeltet eit felt du brenn ekstra sterkt for?

- Eg engasjerer meg jo sjølvsagt sidan det er den komiteen eg sit i. Men ja, dette er litt personleg for meg. Eg sat i studentparlamentet ved Universitetet i Oslo, eg har vore leiar for fadderordninga og eg leia ei foreining for minoritetsstudentar. Så eg har drive med studentpolitikk sjølv.

Ali-fag og prestisje

Vegen dit var ikkje rett fram.

I boka «Min skyld» frå 2021, som no er selt i over 100 000 eksemplar, skildrar Raja oppveksten i det som må kunne kallast eit parallellsamfunn i Iladalen i Oslo. Faren var familiens overhovud, og vald og anna straff var noko både Abid og søskena hans vart vande med. På eit tidspunkt var Raja under barnevernet si omsorg, men han kom tilbake til Foss vidaregåande skule. Her møtte han elevar med heilt andre meiningar enn han sjølv.

Så gjekk ferda til Blindern.

Han skriv i boka:

Jeg var fremdeles umoden og kunne ikke nok om norske, s

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt