I ei felles pressemelding uttrykkjer dei finanspolitiske talspersonane for regjeringspartia Ap og SP og støttepartiet SV stor glede over resultatet av forliket, sjølv om dei har måtta både gi og ta for å få avtalen i hamn. Under pressekonferansen i Stortinget i formiddag trekte SVs finanspolitiske talsperson Kari Elisabeth Kaski fram at dei hadde fått gjennomslag også innanfor forsking.
- Me har fått inn 50 millionar kroner ekstra til forsking som vil gi ytterlegare pengar til forsking framover, sa ho. I oversynet over tiltaka som dei tre partia har blitt einige om tyder dette på at det er pengar som går til Forskingsrådet. Der heiter det at Forskingsrådet kan bruka løyvingar til å dekkja forpliktingar til prosjekt med andre formål innanfor Forskingsrådets portefølje.
Ber om at bygginga av Vikingtidsmuseet ikkje vert forseinka
Det er ikkje kome inn ekstra pengar til dekking av dei auka kostnadane ved bygging av nytt Vikingtidsmuseum. Derimot har regjeringspar