UiOs menneskerettspris er delt ut kvart år sidan 1984, og Universitetet i Oslo går no ut og ber folk både på og utanfor UiO om å nominera personar eller organisasjonar til prisen for 2022. Prorektor Åse Gornizka peikar på at dei som blir nominerte må ha gjort noko utanom det vanlege for å fremja menneskerettane.
- Prisen er til for å heidra ein spesiell innsats og aktivt engasjement for menneskerettar i brei forstand. Dei må ha gjort noko utanom det vanlege for å fremja menneskerettane og har kjempa for ulike delar for dei rettar som tilhøyrer det å vera menneske. Og både personar og organisasjonar kan vera aktuelle, understrekar ho.
- Begge delar er like viktige
Åse Gornitzka trekkjer fram at dette er ein pris som er delt ut kvart år sidan 1984 og at det finst eit breitt spekter av prisvinnarar, og ho viser til fjorårsvinnaren Jens Petter Gitlesen.
- Prisen for 2021 gjekk til ein som hadde jobba med mennesker