Politiforum
20.01.2021
Som politileiar reagerer eg kraftig på den systematiske nedsnakkinga av politireforma frå enkelte politiske parti inn i valkampen 2021.
Svartmåling av politireforma og politiet kan politikarane ta ein annan stad. I Sogn og Fjordane var 2020 "best ever" for lokalt politi.
Les merIkkje alt er perfekt med politireforma, eller andre offentlege reformer, som ofte fører til sentralisering. Men som politileiar reagerer eg kraftig på den systematiske nedsnakkinga av politireforma frå enkelte politiske parti inn i valkampen 2021. Det er ingen tvil om at konsekvensane av politireform er ulik rundt om i landet. Ein ser også at lensmannskontoret som institusjon har hatt ein sterk posisjon i lokalsamfunna, og det har ført til ein desentralisert busetting av polititilsette, som har ein verdi i seg sjølv.
Men det er viktig å ta