I kontorstolen sit sjefen sjølv, den nyvalde presidenten i fagforeininga, Håkon Kongsrud Skard. Han ønskjer oss velkomen med eit stort smil.
Foreininga har vore i hardt vêr i samband med saka kring psykologistudentane frå Ungarn.
Men den nye presidenten er oppteken av å rette blikket framover. Likevel har han invitert oss til sitt kontor for å snakke om nettopp psykologistudentane frå Eötvös Loránd University (ELTE) i Ungarn.
Er du ein autorisert psykolog, er du ein autorisert psykolog, uansett kvar du er utdanna. Håkon Kongsrud Skard President i Norsk psykologforeining
Og bodskapen hans er klinkande klar:
- Det finst ingenting som heiter A eller B-psykologar. Dersom denne haldninga er der ute, så vil eg den til livs. Er du ein autorisert psykolog er du ein autorisert psykolog, uansett kvar du er utdanna, seier Skard, og legg til:
- Dette er viktig å slå fast ikkje berre for psykologstanden, men også til folket som skal vite at går dei til ein autorisert psykolog, så held den psykologen ein fagleg standard, seier Skard, og slår tydeleg fast at psykologforeininga tek avstand frå omgrepsbruken.
Vil gratulere
Omgrepsbruken han snakkar om fekk for alvor fotfeste etter at ELT