AddToAny

«Alle» er samde om at å telje artiklar er utilstrekkeleg som mål på ein forskar. Men kva skal kome i staden?

«Alle» er samde om at å telje artiklar er utilstrekkeleg som mål på ein forskar. Men kva skal kome i staden?
Publisering og innhenting av eksterne forskingsmidlar er det som har mest å seie for din akademiske karriere. Men ting er i endring.
Forsking skal evaluerast på bakgrunn av kvalitet, og ikkje ved å telje publikasjonar eller sjå på kva tidsskrift dei er publisert i. Det er essensen i DORA (The San Fransisco Declaration on Research Assessment), som både Forskingsrådet og fleire norske universitet har slutta seg til dei siste par åra.

Utviklinga i retning av open forsking føreset også at forskarar som engasjerer seg i opne forskingspraksisar, får utteljing for det. Det store spørsmålet er korleis.

Større professor-mangfald

Ei kartlegging utført av European University Association i fjor, viste at det enn så lenge er publisering og innhenting av eksterne forskingsmidlar som gjev klart mest utteljing i universiteta sine meriteringssystem (sjå faktaboks).

Men ting er i endring. I Forskingsrådets nye politikk for open forsking, heiter det at ein skal etablere rutinar for vurdering der heile breidda av forskingsaktivitetar skal telje med. Og ved slutten av året skal ei arbeidsgruppe sett ned av Universitets- og høgskulerådet levere eit forslag til rammeverk som kan brukast til å vurdere eit stort spekter av dei aktivitetane ein forskar driv med.

- På lengre sikt ønskjer vi oss ei ny forskrift som opnar for eit større mangfald i kva slags professorar vi kan få, seier Finn-Eirik Johansen, professor ved Universitetet i Oslo og leiar av arbeidsgruppa.

- Rammeverket skal kunne tilpassast ulike institusjonar og stillingskategoriar. Og vi ønskjer oss at vurderingsregimet har insentiv for å drive open forsking. Det å til dømes jobbe tverrfagleg og dele forsking med andre, skal kunne bli premiert i større grad enn no, seier Johansen.

Meir lyst, mindre tidspress

I arbeidet sitt har gruppa følgt med på tilsvarande diskusjonar i andre land, mellom anna Nederland. Der er eit nasjonalt program i gang for å endre måten akademikarar blir vurderte på.

- Det vi ser både i Nederland og andre land, er at dei aktivitetane som løner seg i forskingssystemet, ikkje samsvarar med det vi tykkjer er viktig, seier Kim Huijpen. Ho arbeider for den nederlandske universitetssamanslutnaden VSNU og er leiar for programmet.

- Vi treng ein betre balanse mellom forsking, undervising, samfunnsrelevans, akademisk leiarskap - og pasientbehandling der det er relevant. Vi ønskjer oss eit sunt og inspirerande akademisk miljø der alle typar talent blir sett pris på.

Som i Noreg har det i fleire år gått ein debatt i Nederland om korleis teljekantar og måling snik seg inn overalt, om høgt arbeidspress, og om korleis i all verda forskarar skal tilpasse seg krav om «open vitskap» når dette så sjeldan blir løna i forskingssystemet.

Nederland har ikkje fleire universitet enn at leiarane kjenner kvarandre.

- Rektorane møtest jamleg, og dei kjenner folk hos forskingsråda og vitskapsakademiet. Det er mogleg å samle alle mot eit felles mål. Og vi har støtte frå utdannings-, kultur- og forskingsministeren som har gjort dette til ein del av sin eigen agenda, seier ho.

Vil løne lagspelarane

Hausten 2019 publiserte den nasjonale alliansen ei felles utsegn der dei skildra kva dei vil endre i systemet: Akademikarar må evaluerast på ein måte som legg til rette for eit større mangfald av karrierevegar; som løner både individuelle prestasjonar og lagspel; som løner kvalitet framfor kvantitet; som legg til rette for opne forskingspraksisar; og som fostrar godt leiarskap. Det skal lagast eit nasjonalt rammeverk for vurdering til bruk ved tilsettingar og opprykk, som skal inn i stillingskodesystemet. I mellomtida har kvar institusjon sett ned komitear som skal flikke vidare på spørsmåla i lokal kontekst, og prøve ut ulike pilotløysingar.

- Eg trur alle aktørane har ei felles forståing av kva som lyt skje, men dei har kanskje ulike innfallsvinklar. For nokre er debatten om arbeidspress viktigast, for andre er det debatten om karrieremangfald og det å løfte fram undervising, og for andre igjen er det debatten om teljekantar og bruken av «impact factor» og forfattarproduktivitetsmålet h-indeks som mål på kvalitet. Debatten om open vitskap er ein sterk drivar. Utsegna frå i fjor førte alle desse debattane saman, seier Huijpen.

Eksperimenterer lokalt

Ein av initiativtakarane til programmet er Rianne Letschert, som nett er gått inn i sin andre periode som rektor ved Universiteit Maastricht (UM).

- Eg har inntrykk av at tida er inne no. Vi har etter kvart fått veldig mange rapportar om arbeidspress og om folk som sluttar, og vi kan ikkje sjå vekk frå dei lenger. Programmet har støtte frå alle dei store organisasjonane, og ved mitt eige universitet får vi stadig spørsmål frå folk som gjerne vil delta i prosessen. Eg trudde det ville ta år å samle støtte til så store endringar, men mange vil at det skal gå fortare.

Fleire nederlandske universitet eksperimenterer for tida med indikatorar som skal løne godt undervisingsarbeid i kombinerte stillingar. UM har starta pilotprosjekt med fullprofessorat i undervising ved to fakultet.

- Ideen er at du skal kunne byggje ein karriere også på andre ting enn forsking. Forsking er sjølvsagt viktig, men mange har talent på andre område og opplever at dei ikkje får utteljing for det, seier Letschert.

Det største nederlandske forskingsrådet, NWO, har i år innført «narrativ cv» i søknader til sitt toppforskingsprogram. Det vil seie at søkaren sjølv vel korleis ho vil presentere forskingsprofilen sin, og ho inkluderer nokre få arbeid - som kan vere publikasjonar eller andre typar arbeid - som ho sjølv meiner best får fram hennar vitskaplege interesser. Opne forskingspraksisar og mangfald i aktivitetar har også fått plass i den komande utgåva av den nasjonale evalueringsprotokollen, som blir brukt til kvalitetsutvikling i forskingsmiljøa.

Vil endre kulturen

- Ambisjonen vår er større enn å berre byte ut eitt indikatorsett med eit anna. Det er den akademiske kulturen vi vil endre. Difor er vi glade for at den same debatten skjer i andre land, for ein akademisk karriere er ofte internasjonal, så det er vanskeleg for eitt land å gjere endringar åleine. Men vi høyrer frå NWO at den narrative cv-en er blitt populær og endrar måten ein tenkjer om akademiske karrierar på, seier Huijpen i VSNU.

Johansen i UHR-arbeidsgruppa for forskarvurdering, er samd i at kulturendring er det endelege målet.

- Det er det som vil vere avgjerande, men vi meiner jo også at ei ny forskrift eller lov kan katalysere kulturendring - sjå berre på røykelova. Dersom vi greier å få universitetsleiarar til å seie at vi skal vurdere forskarar på bakgrunn av kva dei gjer, og ikkje berre på bakgrunn av publikasjonar, så trur eg mange forskarar vil sjå det som positivt, seier han.

Han får støtte av Rianne Letschert i Maastricht.

- Du treng kulturendring, elles vil folk berre gjere som dei alltid har gjort. Men på den andre sida trengst det også eit rammeverk som kan gje rettleiing og verktøy, og som kan munne ut i konkrete rettar for dei tilsette. I mine villaste draumar skal dette til sjuande og sist inn i hovudtariffavtalen. Elles vil det avhenge for mykje av kva for institusjon du jobbar ved, seier ho.

Image-text:

- Vi ønskjer oss eit regime der ein vurderer flest mogleg aspekt ved det ein forskar driv med, i staden for berre publikasjonar, seier Finn-Eirik Johansen. Foto: Ola Sæther/Uniforum

Extra-info:

Fakta Karrierevurdering

Vitskapleg publisering og innhenting av eksterne forskingsmidlar er dei aktivitetane som har mest å seie for akademisk karrierebygging. Desse blir målt ved nær alle europeiske universitet. Mindre enn halvparten av universiteta måler aktivitetar knytt til open forsking eller formidling, og slike aktivitetar blir rangert som mindre viktige. «Journal Impact Factor» og liknande bibliometriske mål er dei klart mest brukte måleverktøya i forskarevaluering.

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

- Vi foreslår å spare på reklamer - ikke utdannelse, sier utdannelses- og forskningsminister Ane Halsboe-Jørgensen.
Forskerforum 20.10.2020
Universitetet i Oslo vil greie ut spørsmålet om kompensasjon for gjenbruk av førelesingar, men etterlyser nasjonal praksis.
Forskerforum 19.10.2020
Ifølge forskningsminister Henrik Asheim har regjeringen brukt effektiviseringskuttene til å omfordele penger fra andre til universiteter og høyskoler.
Forskerforum 16.10.2020
Forskere bak ny studie om siteringspraksis oppfordrer andre forskere til å være grundigere.
Forskerforum 16.10.2020
Anne Sverdrup-Thygeson har skrevet en engasjerende og gjennomarbeidet om naturens krumspring og vår avhengighet av den.
Forskerforum 15.10.2020

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten golferenno gravplassen gullur handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalen journalisten juristkontakt kampanje khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt musikkultur natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse psykologiskno religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sno-ski sykepleien synkron tannhelsesekreteren teknisk-ukeblad Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt