- Vi har fått eit sjikt av eksterne konsulentar, rådgivarfunksjonar, roller internt på universitetet, i Forskingsrådet og i departementet som baserer samtalen på eit språk som er fullstendig framandgjerande for sektoren sjølv. Det er holt og absurd, og ei form for språkleg imperialisme og forståingsimperialisme, seier Hjelseth.
Han har lenge markert seg som ein kritikar av styringsmåtane i akademia, særleg knytt til eit stadig sterkare innslag av mål- og resultatstyring.
Hjelseth deler bekymringane som fagretorikaren Kristian Bjørkdahl uttrykker i eit essay i Khrono, der sjølve språket og retorikken blir sett under lupa.
«Herre som pisker trell»
Frå ein heller original synsvinkel går Bjørkdahl til åtak på ein nærast autoritær styringsiver han meiner byråkrati og regjering utøver mot universiteta. Han analyserer Tildelingsbrevet, departementets årlege, sentrale styringsdokument til institusjonane. Bjørkdahl konkluderer mellom an