Utdanning
29.05.2017
I vidaregåande skole i Troms blir det frå i haust ikkje tatt opp elevar til tolv skoleklassar som har vore i drift i år. Det gjer lærarar overtalige. Neste år kan det bli verre. Utdanningsnytt på Facebook!
Leiar i Utdanningsforbundet Troms stadfestar at det er fleire saker på gong om overtalige lærarar. Det er for tidleg å seie noko om utfallet for denne gruppa.
Les mer- " Men vi risikerer at lærarar går inn i sommarferien utan å vite om dei har jobb til hausten. Det er naturleg vis tungt, seier han.
Grunnen er færre søkjarar til vidaregåande skole.
Distrikta
To av klassane som ikkje blir sett i gong er ved Ishavsbyen vidaregåande skole i Tromsø. Ein annan er ved Stangnes vidaregåande skole i Harstad. Men dei fleste er ved skolar i distrikta. Til dømes blir klassen for køyretøy ved Nord-Troms vidaregåande skole ikkje starta opp i haust. Nedleggingane rammer yrkesfaga.
- " At dette i så stor grad rammer skolane i små samfunn tyder at desse stadene mister arbeidsplas