Tidsskrift for norsk psykologforening
07.06.2017
Tony Rousmaniere vil at eg skal bli betre som terapeut, at du skal bli betre. Han vil vi skal trene. Som lesar blir eg dratt inn.
TONY ROUSMANIERE BRENN for målretta trening for å styrke terapeuteffektivitet - verkeleg brenn. Han hikar etter å bli betre som terapeut, stadig betre, for å kunne lukkast med dei klientane han elles ikkje klarer å hjelpe. «The other 50 %» er mantraet. Korleis skal vi hjelpe dei? Han vil at eg skal bli betre som terapeut, at du skal bli betre, at vi som psykoterapeutar verkeleg tek grep for å jobbe systematisk med korleis vi kan bygge og styrke ekspertise og effektivitet. Engasjementet hans strøymer ut av sidene og smittar. Som lesar blir du dratt inn. Det å stadig ville forbetre seg som terapeut treff mange og kjende strengar. Nye klangar blir utvikla i møtet mellom eigne erfaringar og praksis og boka sin bodskap om
Gå til mediet