Norsk Skogbruk
30.06.2017
«Både for lønnsomhet og i klimasammenheng kan det være et poeng å drive skogskjøtsel som kan gi økt andel kvalitetsvirke - altså økt sagtømmerandel», hevder Ole Hofstad og Hans Fredrik Hoen i Norsk Skogbruk. Det er ikkje artikkelforfatter usamd i, men sett i samband med kva dei skriv om «tynningsbehov», reiser han under spørsmålet om det er glissen eller tett skog som gjev mest og best sagtømmer.
I Norsk Skogbruk 12/16 hadde Ole Hofstad og Hans Fredrik Hoen, professorar i skogøkonomi ved NMBU, eit innlegg om Skogmeldinga der dei etterlyste ein edruelege analyse av samfunnsnytten av tilskotet til tettare planting fordi dei meinte dette tilskotet kan føre til at ein måtte skjera ned att mange tre fordi skogen vert for tett og trea for tynne.
No er det kring tjue år sidan Braastad og Tveite dokumenterte at tette, sjølvtynna bestand, hadde høgare volum og slakteverdi enn tynna, glisnare bestand. Otte for auka «tynningsbehov» er difor neppe velgrunna. At noko tettare planting vil gjeva meir virke som kan takast ut i tynning om ein vil, gjev heller ikkje grunn for otte. Hofstad og Hoen skriv og at «Både for lønnsomhet og i klimasammenheng kan det være et poeng å drive skogskjøtsel som kan gi økt andel kvalitetsvirke (økt sagtømmerandel)». Det er eg ikkje usamd i, men sett i samband med kva dei skriv om «tynningsbehov», reiser dette spørsmålet om det er glissen eller tett skog som gjev mest og best sagtømmer.
Me veit sikkert at tett skog gjev tre med mindre avsmaling enn glissen skog. At lita avsmaling er eit godt teikn på tømmer med lite kvist, høg densitet, og fleire andre eigenskapar som gjev høg styrke i trelasta, påviste Gustav Klem i 1928 og 1934. Seinare studiar har i hovudsak underbygd hans resultat. Vel kjent er det og at i Noreg vert sagtømmer hovudsakleg betalt etter toppmålsformelen som gjev stor volumpremiering for stokkar som har lita avsmaling. Nyare norske pristabeller for gran har lita eller inga premiering av granstokkar grøvre enn 20 cm toppmål for dei best betalte lengdene som er frå 49 til 55 desimeter. Ei edrueleg analyse bør difor byrje med å sjå på om det er slanke eller grove og dermed buttare stammer som gjev størst sagtømmerme
Gå til medietNo er det kring tjue år sidan Braastad og Tveite dokumenterte at tette, sjølvtynna bestand, hadde høgare volum og slakteverdi enn tynna, glisnare bestand. Otte for auka «tynningsbehov» er difor neppe velgrunna. At noko tettare planting vil gjeva meir virke som kan takast ut i tynning om ein vil, gjev heller ikkje grunn for otte. Hofstad og Hoen skriv og at «Både for lønnsomhet og i klimasammenheng kan det være et poeng å drive skogskjøtsel som kan gi økt andel kvalitetsvirke (økt sagtømmerandel)». Det er eg ikkje usamd i, men sett i samband med kva dei skriv om «tynningsbehov», reiser dette spørsmålet om det er glissen eller tett skog som gjev mest og best sagtømmer.