Fleire tilsette ved Avdeling for mediefag har i ein artikkel teke opp ei rekkje spørsmål om Høgskulen i Volda i høve til strategiprosessen - og mange andre spørsmål. Det viktigaste er vel at dei aktuelle fagtilsette konkluderer med at Høgskulen i Volda bør søkje fusjon med NTNU. Dette er etter mi meining ikkje spesielt godt gjennomtenkt, utspelet er ikkje drøfta på dei aktuelle avdelingane og kan oppfattast som eit heilt unødvendig initiativ tilomkamp.
Volda alene - Quovadis?
Høgskulen i Volda har hatt ein brei og open diskusjon omkring framtidig samarbeidi fleire år. Det var også tema i strategiarbeidet som engasjerte fleire enn 100 tilsette på høgskulen i fjor haust. Vi hadde ei rekkje møte i strategiarbeidet. Kvifor vart ikkje ideen om fusjon med NTNU fremja då? Det kan seiast veldig mykje bra om NTNU, og vi har og har hatt ei rekkje samarbeid med NTNU og andre høgskular og universitet i inn- og utland. Men det er ikkje ein god ide at NTNU skal overta Høgskulen iVolda.