Ren Mat
20.03.2017
Halvparten av maten vi et kjem frå utlandet. Skal vi seie oss nøgde med det? Kor mykje av det vi et og drikk kan vi klare å produsere sjølve i Noreg?
DET SEIER SEG SJØLV at svaret på det spørsmålet heng saman med kva vi et og drikk. Kaffi kan vi til dømes ikkje dyrke her nordpå, det skal mykje global oppvarming til før vi kan tilby ho 25 grader heile året. Men vi kan, kor vondt det enn høyres ut, klare oss utan kaffi. Det svarte gullet inneheld så og seie ikkje ei einaste kalori, og utgjer difor heller ikkje ein einaste prosent skilnad til og frå på sjølvforsyningsgraden vår.
For nett den sjølvforsyningsgraden er det ein på barnehagelærarspråk kunne kalle ein vilter krabat. Andre ville seie han er litt vanskeleg å halde styr på, eller rett ut - litt tosken. Sjølvforsyningsgraden i Noreg var 50 prosent i 2016. Altså produserte vi halvparten av kaloriane vi åt sjølv. Kring 47 prosent var produserte av jordbruket, to prosent er fisk, og ein prosent er det vi produserer og haustar som privatpersonar.
DET TALET, altså 47 prosen
Gå til medietFor nett den sjølvforsyningsgraden er det ein på barnehagelærarspråk kunne kalle ein vilter krabat. Andre ville seie han er litt vanskeleg å halde styr på, eller rett ut - litt tosken. Sjølvforsyningsgraden i Noreg var 50 prosent i 2016. Altså produserte vi halvparten av kaloriane vi åt sjølv. Kring 47 prosent var produserte av jordbruket, to prosent er fisk, og ein prosent er det vi produserer og haustar som privatpersonar.
DET TALET, altså 47 prosen