AddToAny

Fungerer den norske skurtømmermarknaden på ein samfunnsøkonomisk forsvarleg måte?

Fungerer den norske skurtømmermarknaden på ein samfunnsøkonomisk forsvarleg måte?
Hans Øy Samfunnsøkonomane skil mellom fullkomen konkurranse eller fri konkurranse på den eine sida og ufullkomen konkurranse på den andre sida.
Innan skogsektoren i Noreg er det heilt klart ein ufullkomen konkurranse i dag med få kjøparar og mange organiserte seljarar som har gått inn i eit tett samarbeid salskartell.

Hans Øy, skogeier og pensjonert skogøkonom

Bedriftsstruktur og avstandar har ført til klare monopol på sagbrukssida i mange geografiske område. Dette gjer at kjøparen har stor marknadsmakt. Ein kan då få eit resultat som inneber at ressursane ikkje er effektivt utnytta ut frå ein samfunnsøkonomisk vurdering.

SKURPRISTABELLEN ER ULIK I SVERIGE OG NOREG Situasjonen på den norske marknaden for skurtømmer er ulik den svenske. I Sverige er det reell konkurranse mellom fleire kjøparar innan same avtaleområde, og mange av dei store kjøparane er bolag som er integrerte med skogbruk, treforedlingindustri og sagbruk, slik som SCA. I den meir konkurransefrie svenske skurtømmer-marknaden er det full informasjon om skurtømmerprisen. På vår heimlege marknad er ikkje tømmerprisane offentleggjort på same måte. I tabell 1 er det vist dagens tømmerprisar som SCA publiserer. Dei svenske prisane er rekna om til norske kroner. Som ein ser blir dei store dimensjonane sterkt underbetalte her i landet.

FEIL PRISING

Sagbruksindustrien i Noreg er interessert i størst mogleg tømmerkvantum og reknar truleg marginalt når det gjeld dei små dimensjonane. Dei store norske sagbruka har sagbruksliner som gjer det mindre lønsamt å skjere tømmer med toppdiameter over 26 cm. Spesialsagbruk kjøper grovt tømmer til spesialprisar. Dette blir skore til villmarkspanel og til laftetømmer. Volumet til desse bruka er relativt lite.

Eg har samanlikna skurtømmerprisane til

SCA med prisane til Sveaskog og Billerud- Korsnäs Prisspenninga mellom ulike tøm- merdimensjonar er svært like dei som kjem fram i tabell 1 for SCA. Det er interessant at konklusjonane frå ein større skurundersø- king, som eg var med å utføre ved Institutt for skogøkonomi i 1971, er samsvarande. Seinare skurundersøkingar ved Norsk Treteknisk Institutt viser at skurtømmer med

toppdiameter over 26 cm har 80% høgare skurutbytte enn tømmer med toppdiameter på 14 cm. Ser vi på tabellen betalar SCA i dag 79% høgare tømmerpris for skurtømmer med 26 cm i toppdiameter i høve til tømmer med toppdiameter på 14 cm.

NEGATIVE SAMFUNNSØKONOMISKE KONSEKVENSAR Dei negative samfunnsøkonomiske konsekvensane på tømmermarknaden er lette å peike på, eg skal nøye meg med fi

Les mer

Flere saker fra Norsk Skogbruk

Regjeringen vernet 8. mars 12 nye skogområder i fem fylker. Områdene er en del av samarbeidet om frivillig vern av privateid skog. Vernevedtaket omfatter 10 km2 nytt verneareal, hvor ca. 4,6 km2 er produktiv skog.
Norsk Skogbruk 24.03.2024
Regjeringa går inn for å elektrifisere Røros- og Solørbana, det skriv Arbeidets Rett. Det var finansminister Trygve Slagsvold Vedum som kom med nyheita på ei pressekonferanse på Elverum stasjon fredag.
Norsk Skogbruk 24.03.2024
Norsk Skogbruk 24.03.2024
Statskanalen NRK har ikke sluppet skogbruket helt enda, og deres siste sak «For grønn til å være sann» har allerede rukket å skape mye blest. Igjen rettes et kritisk blikk på skognæringen, og hvor god og grønn den egentlig er. Debatten om skognæringen fortsetter, denne gangen på Litteraturhuset i regi av Norskog.
Norsk Skogbruk 24.03.2024
I februar i fjor var gjennomsnittsprisen på alt virke innmålt her i landet 520 kroner per kubikkmeter. I februar i år var tilsvarende pris 620 kroner.
Norsk Skogbruk 24.03.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt