AddToAny

Fire kandidatar kjempar om ein plass i universitetsstyret

Fire kandidatar kjempar om ein plass i universitetsstyret
Astrid Waaler Kaas, Ole Martin Nodenes, Cecilie Wingerei Lilleheil og Marianne Midthus Østby kjempar alle om å bli den eine representanten for dei teknisk-administrative tilsette i universitetsstyret.
Denne veka starta valet på nye medlemar i universitetsstyret, og valet varer fram til 1. juni kl. 12.00.

VIL INN I STYRET: Cecilie Wingerei Lilleheil (t.v.), Ole Martin Nodenes og Astrid Waaler Kaas kjempar saman med Mariainne Midthus Østby om å bli representanten for dei teknisk-administrativt tilsette i Universitetsstyret dei neste fire åra.

Foto: Martin Toft

I valet på representant for dei teknisk-administrative tilsette i universitetsstyret har dagens representant, Ole Martin Nodenes fått tre utfordrarar. Det er Astrid Waaler Kaas, Cecilie Wingerei Lilleheil og Marianne Midthus Østby. Uniforum har hatt ein rundebordsamtale med dei for å finna ut kva dei vil gjera i universitetsstyret om dei vinn valet.

- Kvifor vil du inn i universitetsstyret?

Astrid Waaler Kaas:

60 år

tilsett ved UiO i 2007

kontorsjef ved Institutt for lærerutdanning og skoleforskning, UV

sivilagronomutdanning fra Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU)

administrativ leder eVIR (Nasjonalt infrastrukturprosjekt ved UiO)

president i Noregs Orienteringsforbund og visepresident i det internasjonale orienteringsforbundet

Valplattform

Astrid Waaler Kaas:

- Eg har ei stor interesse av å vera med der strategiar og planar blir lagde på den arbeidsplassen eg jobbar. Då er universitetsstyret den plassen det er viktigast å vera. Me har alle peika på kor viktig det er med ein heilskapleg personalpolitikk og utvikling av kultur og at det må starta på toppen.

- Det vil eg vera med på å påverka, og då er det viktig å vera med i universitetsstyret og fortelja leiinga at her må det takast nokre grep. Så har eg ein spesiell bakgrunn, sidan eg jobba for idretten i mitt tidlegare liv. Slik kan eg evna å sjå universitetet litt utanfrå også.

Cecilie Wingerei Lilleheil:

Cecilie Wingerei Lilleheil:

41 år

administrativt tilsett ved UiO sidan 2002

tillitsvald ved Forskarforbundet ved UiO,

leiar for Forskarforbundets gruppe av teknisk-administrativt tilsette ved UiO,

erfaring fra studie- og forskningsadministrasjon på institutt- og fakultetsnivå

hovudfag i samfunnsgeografi og praktisk-pedagogisk utdanning

Valplattform

- Det er fordi eg har hjarte for UiO og at eg har eit blikk som kan vera nyttig inn gjennom det fagforeiningsvervet eg har. Eg har vore på UiO sidan 2002, så eg begynner å få lang fartstid her i arbeid med studie- og forskingsadministrasjon både på institutt og fakultet før eg gjekk inn i fagforeiningsarbeid. Derfor kjenner eg kvardagen til dei teknisk-administrative tilsette veldig godt. Ikkje minst veit eg mykje om dei utfordringane den gruppa møter.

- I styret må me diskutera korleis me skal nytta dei administrative ressursane betre og få til dømes sakshandsamingssystemet til å snakka saman med arkivsystemet. Difor er det viktig at eg har god kjennskap til desse systema når me skal diskutera saka i universitetsstyret. Som leiar for Forskarforbundets gruppe for teknisk-administrative tilsette ved UiO er det det perspektivet eg vil ta med meg i styre

Les mer

Flere saker fra Uniforum

Regjeringen er opptatt av å gi universitetene og høyskolene gode rammer til å forme lærerutdanningene. Nå skal en ny ekspertgruppe se nærmere på hvordan styringen kan bli mer overordnet.
Uniforum 28.09.2023
Universitetet i Oslo faller på den siste rangeringen til Times Higher Education. Samtidig går det oppover med NTNU, melder Khrono. I fjor ble UiO rangert som Nordens sjette beste universitet, men i år faller det ned til åttendeplass.
Uniforum 27.09.2023
- Politikk er skeivt fordelt. Men i eit liberalt demokrati kan me ikkje forby nokon å påverka. Å ha eit lobbyregister kunna vera eit sunt steg, foreslår statsvitskapsprofessor Sirianne Dahlum.
Uniforum 27.09.2023
Vibeke Roggen rakk så vidt å sikre seg tittelen professor i latin før hun gikk av med pensjon.
Uniforum 27.09.2023
Risikovurderingen er unnagjort. Mandatet for utredningen er nesten ferdig. Alt burde egentlig ligge til rette for en god prosess videre. Men noe har dukket opp.
Uniforum 26.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt