Bioingeniøren
11.06.2017
Kvifor blir vi forskarar? Kvifor bit vi oss fast med ei låg snittløn, lang utdanning og arbeidstid - og få frynsegode? Jo, for meg er det suget etter å komme til botnen av alt, og samstundes vite at det er botnlaust, som får meg til å halde fram.
Å få tre-fire år til å prøve å setje seg inn i kvar minste detalj av eit protein og skjøne at ein kunne via livet sitt til detaljane.
Les merÅ kjenne på at jo meir ein lærer, jo mindre kan ein.
Å være svolten på det som er bak detaljane.
Å undersøkje årsakene, skilnadane, likskapar og bakgrunnen til biologiske hendingar på atomnivå.
Å få muligheita til å vie kvardagen sin til mikroskopiske, usynlege ting med eit håp om å forandre verda, berre litt.
Det er ein doktorgrad, det. Det var i alle fall det eg trudde då eg byrja på graden i 2011. Fem år seinare, eit born rikare og med doktortittel i boks, er eg usikker på kva eg har tilbakelagt. Eg er trettiseks år og veit framleis ikkje kva eg skal bli når eg blir stor.