VIL INN I STYRET: Dei ynskjer å representera dei faste vitskaplege tilsette i universitetsstyret. F.v. Sverre Stausland Johnsen, Anne Birgitte Rønning, Erling Sverdrup Sandmo, Dag Harald Claes og Olav Gjelsvik.
Foto: Martin Toft
Anne Birgitte Rønning, Dag Harald Claes, Sverre Stausland Johnsen, Erling Sverdrup Sandmo og Olav Gjelsvik er alle kandidatar til å bli ein av dei to representantane for dei faste vitskaplege tilsette i universitetsstyret. Anne Birgitte Rønning er uansett valresultat, sikra styreplass sidan ho er den einaste kvinnelege kandidaten.
I praksis blir det derfor dei fire mannlege kandidatane som no kjempar om den andre plassen for dei faste vitskaplege tilsette i Universitetsstyret. Uniforum har hatt ein rundebordsamtale med alle dei fem kandidatane for å høyra meir om kva dei ynskjer å bruka styreplassen til.
- Kvifor vil du inn i Universitetsstyret?
Anne Birgitte Rønning:
Anne Birgitte Rønning:
professor i allmenn litteraturvitskap, Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk
-blei fast vitskapleg tilsett ved UiO i 1996
-sat i instituttstyret ved ILOS frå 2009 til 2012
-har sete i fakultetsstyret på HF sidan 2015
-har også vore styremedlem i Senter for tverrfagleg kjønnsforsking
Valplattform
- Eg er opptatt av universitet som kunnskapsorganisasjon og dei utfordringane me har nå der mykje er knytt til internasjonalisering. Eg er ikkje så opptatt av at me skal vera eit leiande universitet, men derimot av korleis me fungerer i forhold til det behovet samfunnet har og den kunnskapen me forvaltar. Eg er opptatt av utdanning og at me har kandidatar som ikkje svarar til gårsdagens forventingar, men til det som kjem.
- Og eg er opptatt av forsking og forskingssamarbeid, personalpolitikk og universitetsstrukturen og universitetsdemokratiet. Eg meiner at det at eg dei siste åra har sete i fakultetsstyret på HF gir meg nokre føresetnader for at eg kan bli med akkurat no. Og sjølv om eg automatisk er inne i universitetsstyret som einaste kvinnelege kandidat, vil eg be om at veljarane likevel stemmer på meg og gir meg eit mandat til å vera deira representant.
Dag Harald Claes:
Dag Harald Claes:
-professor ved Institutt for statsvitskap
-instituttleiar frå 2012-2016
- nestleiar ved instituttet frå 2008 til 2012
- forskar ved Fridtjof Nansens Institutt og styremedlem ved PRIO (Fredsforskingsinstituttet)
-tidlegare vore tilsett ved Arena-programmet
-professor II ved Høgskolen i Molde.
Valplattform
- Min bakgrunn er åtte år i leiinga ved Institutt for statsvitskap, først som nestleiar og deretter som leiar. Det gav meg nokre erfaringar både med leiinga av instituttet og med UiO som institusjon. Eg saknar at den sentrale leiinga ved UiO forankrar sine strategiar og avgjerder i ein dialog med grunneiningane. Me må få nokre ordningar som forankrar prioriteringar i forsking og undervisning i grunneiningane. Det har etter mi meining gleppe. Det er det indremedisinske argumentet, og eg vil bidra til dette. Då er det viktig at det kjem folk inn som har erfaring med å leia ei grunneining.
- Og så er det det utanrikspolitiske argumentet mitt. Som statsvitar er eg opptatt av gode rammevilkår for alt som skjer i samfunnet, og der trur eg også me har ein jobb å gjera. Det er ikkje naudsynt å marknadsføra UiO, men me få fram den heilt sentrale rolla UiO spelar i det norske samfunnet, og då må me kunne snakka med politikarane på ein måte som dei toler. Me kan ikkje irettesetja norske politikarar. Det er ein misforstått strategi. Me må dialog med dei, og det har eg lyst til å bidra til ved å sitja i Universitetsstyret.
Sverre Stausland Johnsen:
Sverre Stausland Johnsen:
-førsteamanuensis ved Institutt for lingvistiske og nordiske studium (ILN) sidan 2016
- var tidlegare programansvarleg og nestleiar på institutt for språkfag på Høgskolen i Sørøst-Norge (HSN)
- var studentrepresentant både i fakultetsstyret og forskningsutvalget på HF, UIO.
- har ph.d.-graden frå Harvard University, USA
Valplattform
- Det er ikkje til å leggja skjul på at eg er mykje nyare i gamet enn dei andre her. Eg h